shopify visitor statistics

Julehelsing frå Rotary i Noreg til alle!

Kva betyr jula for deg? Det spørsmålet blir ofte stilt. Barna gleder seg til pakkene og julenissen. Mange ser fram til nokre rolege fridagar, med god mat og drikke. For andre har jula ei djupare meining. 

For min del gleder eg meg til hyggeleg samvær med familien, men jula gjev meg også tid til refleksjon
over året som har gått og tankar om kva komande år vil bringa. Som Rotarianarar har me alle på ein
eller annan måte bidrege til å Å gagne andre, lokalt, internasjonalet, gjennom eit sosialt fellesskap.

Vårt ynskje opp gjennom tidene har for mange vore Fred på jord. I år, som krig og ufred har kome på
nært hald, føler eg at desse tre orda har fått eit djupare meining og eg ynskjer av heile mitt hjarte at
det må blir slutt på krigen. Eg oppmodar alle Rotary-medlemer om å støtta opp om fredsarbeidet og
dei ulike hjelpeprosjekta som er i gang for å hjelpa dei krigsramma i Ukraina.

Eg ynskjer alle ei Fredfull Jul og Eit Godt Nytt År.

Odd Henry Hommedal
Distriktsguvernør D2250/Styreleiar Rotary i Norge.


 


Besøk vår Facebook-side






Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...
Les mer