- Dei første 20 åra av livet vil eg ikkje ha igjen. Det var noko dritt.
PPolio-overlevar Ragnhild Myklebust er verdas mestvinnande vinterparalympiar. Ho vann 27 medaljer i Paralympics, 22 av dei gullmedaljer. Ho er lamma frå livet og ned, men klatra Galhøpigggen på krykker og køyrer bobil frå Brummunddal til Italia kvart år. No er denne vinnarskallen Rotarys ansikt i den endelige kampen mot polio.
Ragnhild vart smitta av polio to gongar. Først som 18 månadar gammal og så som 12 åring. På spørsmål om kva som er hennar viktigaste eigenskap, svarer Ragnhild: «Staheit, det berre blei sånn. Det er ei sjølvfølge du får med heimanfrå. Grei deg sjølv. Eg datt jo for eit godt ord, det høgre beinet berre ga etter. Dei hjalp meg aldri opp. For dei var det ei sjølvfølge at eg måtte greie meg sjølv. Eit av dei tidlegaste minna er at vi hadde ein ring på fire bein som eg vart tredd nedi og kunne skubbe meg fram, då var eg to år.»

For fysisk aktivitet var viktig for familien til Ragnhild. Faren dreiv med orientering på klubbnivå, jobba som kinosjef og laga også kavalkader til Sportsrevyen. Skogen var næraste nabo i oppveksten, og den vart mykje brukt: «Vi var ein familie som som var vane med å gå mykje på tur i skauen. Det var ingen hus bak husrekka vår, fem mil skau bak huset. Når noko gjekk meg imot, flaug eg til skauen. Eg har lagt igjen nokre tårer i Bragernesåsen, men eg vart også den som visste kvar alle jordbær og kantarellplassane var.»
Denne staheita kom godt med i ein barndom prega av opptil seks månadars lange sjukehusopphald langt borte frå foreldra.
«Eg var innlagt i seks månadar frå eg var to og eit halvt år gammal, foreldra mine henta meg på treårsdagen. Fem år gammal vart eg sendt til Danmark på rekreasjon åleine i fem månadar. Eg låg på Kysthospitalet i Stavern mellom tredje klasse i grunnskulen og andre klasse i . Eg vart lagt inn før skulen slutta – og låg der i fem-seks månadar kvart år. Det lengste opphaldet var frå midten av juni til påske. På den tida var det nesten normalt at poliopasientar vart plasserte på institutt og gløymt. Eg budde to minutt unna Drammen polioinstitutt, men det var aldri snakk om at eg skulle få behandlinga der. Derimot vart eg tvangsinnlagt der i ungdomstida for å lære å gå pent, eg gjekk ikkje kvinnelig nok. Det er mykje rart du skal utsettast for! Så dei første 20 åra av livet vil eg ikkje ha igjen. Det var noko dritt. Etter det har eg greidd å heve meg over det meste.»
«Det var ikkje så mykje eg kunne hevde meg i oppveksten. Men eg hadde ein genial gymlærar som tok som ei sjølvfølge at eg skulle delta. Det eg kunne som ingen andre kunne, var å gå på henda – heile lengda på gymsalen og eg kunne klatre til topps i taua. Men eg var aldri den som vart valt på lag, måtte alltid plasserast, sjølv om eg ikkje var redd for å falle, men kasta meg til sida. Dersom du får lov, lærer du deg teknikkar for å få til ting. Du må få lov til å prøve. Folk må slutte å seie at du kan bli det du vil. Du kan nå så langt som kroppen din tillét deg å kome. Det er noko heilt anna.»
Dette gjeld jo også for yrkeslivet. Ragnhild hadde lyst å bli bilmekanikar, men kunne ikkje køyre bilar som ikkje var tilpassa, så det gjekk ikkje. Men livet opna nye moglegheiter:
«En dag på Kysthospitalet på Stavern var det ein fysioterapeut som spurde om eg ville bli med henne på runde, og det gjorde eg og syntest var interessant. Så eg vart fysioterapeut. Den aller beste jobben var som bedriftsfysioterapeut. Der kunne eg bruke kjeften i staden for kroppen.»
Idrettskarrieren starta rundt 1960 då det første helsesportlaget vart danna i Drammen.
«Pappa var med i styret, og det var heilt naturleg at eg var med. Der var det synshemma og rørslehemma, og eg spelte bordtennis og vart ganske god. Fekk beskjed av trenar at eg burde melde meg inn på det ordinære laget for å få matching. Eg spelte med krykkene i venstre hand for å halde balansen, og ingen ønska meg velkommen.»
Så oppdaga Ragnhild vintersport; ispigging og langrennsspigging. Til ispigging måtte ho ha ein kjeIke så den bygde ho sjølv av kryssfiner, skøyteskjær og klossar. Den skulle ho kome til å sette verdsrekord med i VM i piggidrettar på Valle Hovin i Oslo i 1986. Alt starta med ein invitasjon:
«Atle Hagtun inviterte meg på samling og pigga saman med meg, og det lærte eg mykje av. Learning by doing. Eg har alltid sett på dei ståande korleis ta dobbelttak – for å sjå kva som var teknikken. Det ga resultat. Då havna eg på landslaget ganske fort, i 1983, 40 år gammal. Der var det trenarar! Bra trenarar, spesielt Trond Sanderlin. Du skal prøve hundre gongar og etter det skal eg høyre på deg, sa han. Han utfordra oss veldig spesielt på utforbakker og skarpe svingar.»
Under Paralympics i 1984 var det for første gong langrenn for sittande. I 1985 var ho på kurs i Oslo og gjekk forbi ein stad der dei selde rullestolar.
«Av ein eller annan ggrunn gjekk eg inn og plutselig eigde eg ein rullestol! Dei som jobba i butikken ordna med skjema til NAV og så fekk eg han med meg. Så skulle eg rulle ned til Oslo S. Eg kjøpte stavar og byrja å trene med rullestol. Datt på ryggkulen, og forstod raskt at dette ikkje var rett teknikk».
Ragnhild gir seg som kjendt ikkje, og under Paralympiske Vinterleikar i 1988 tok ho sitt første gull på langdistanse langrenn, og resten er historie. Wikipedia oppsummerer karrieren slik:
Ragnhild Myklebust (født 13. desember 1943 i Oslo) er en norsk handikappidrettsutøver og rekordvinner av gullmedaljer. Hun konkurrerte i klassen LW12.
På grunn av polio i barndommen drev hun med sitteski, og var lenge regnet som uslåelig i denne idretten. Hun deltok i de paralympiske lekene i 1988, 1992, 1994 1998 og 2002, der hun vant totalt 22 gullmedaljer, flere enn noen annen utøver. Hun avsluttet sin karriere med 5 gull under paralympics i Salt Lake City i 2002, 58 år gammel.
Hun er utdannet fysioterapeut.( Ragnhild Myklebust – Wikipedia)
Til dette seier Ragnhild: «Eg har stort sett vunne dei tinga eg stilte opp i. Bortsett frå ispigging, der fekk eg vel eit eller to sølv og eit par bronse. Medaljene er ikkje så nøye, men å slå konkurrentane er det som tel! Der kjem den vinnarskallen inn»
Ragnhild er glad for at foreldra fekk oppleve karrieren hennar. Dei var med på Paralympiske vinterleker i Lillehammer i 1994 der Ragnhild tok 4 gull og to bronser.
Også for Ragnhild handlar livet om meir enn idrett. Ho utdanna seg til fysioterapeut, gifta seg med Olai, fekk ei dotter og har engasjert seg i politikk, noko ho synest var «veldig ålreit». To perioder som vara på Fylkestinget, ei periode i bystyret i Drammen på syttitalet og så 20 år i kommunestyret i Ringsaker: «I denne perioden har Ringsaker hatt ei enorm utvikling. No sit eg i rådet for menneske med funksjonshemming» seier Ragnhild. Ho har også vore medlem i Inner Wheel i 20 år.
«Du må bruke evnene dine til det du kan!» seier Ragnhild. «Du må bruke den kroppen du har! Olai jobbar framleis – og eg tek med hunden på piggetur. Vere ute, få reinska hovudet, kjenne på vind og vêr, oppleve verda, det synest eg er så utruleg deilig. Det er mykje helse i naturen».
Ein del moro er det også i naturen for vinnarskallen Ragnhild:
«Eg har brukt mykje å gå ut herifrå og over mot Hamar. Der har du nokre fine myrer. Trenar der sittande og har tatt igjen mannfolk som trener til Birken. Det er så morosamt, då ligg eg bak dei og berre kviler. Ein spratt ut og sa: eg må berre ha litt drikke eg. Ein annan sa; eg må berre vente på kjerringa. Der har eg hatt mykje moro.»
Tusen takk til Ragnhild for at ho stiller opp for Rotary!
Artikkel og foto: Lidun Hareide, Rotarys End Polio Now Koordinator sone 18